Hopp til innhold

Idrettsskolen

GIL har dreve idrettsskole i flere år. Etter eit opphald i drifta, vart idrettsskolen starta opp igjen for 4 år sidan. Sidan då har vi hatt faste samlingar i Aukrahallen på mandagar fra kl. 1800-19.00. Idrettskolen er eit tilbod til barn i 1. og 2. Klasse.

Vi legg vekt på at treningane i hallen skal ha fokus på bevegelsesglede, og ikkje så mykje på prestasjon. Her får barna prøve varierte aktivitet.

I året som har gått har vi vore innom mange ulike idrettsgreiner som handball, basketball, innebandy, badminton, klatring, stasjonsløype, friidrett, stafettar og mange kjekke leikar. Det siste året har vi vore 36 registrerte deltakarar på idrettsskolen.

Vi har også vore ute på tur. Før jul gjekk vi på lommelykttur i Aukraskogen og no i mai nytta vi dei mange turområda på øya vår. Avslutninga i år var på Smågevatnet, der barna fekk prøve kanopadling og fleire turde til og med å prøve barnekajakk. Idrettsskolen startar opp igjen til hausten!

 

 Idrettskole-gruppa:

Leder: Kathrine Huse, tlf 48 23 47 36

Medlem: Ragnhild Sporsem, tlf 40 62 42 80

 

 

idrettskole

IMG_1184 (3)

Legg igjen en kommentar