Hopp til innhold

Allidrett 2020/2021

VELKOMMEN TIL ALLIDRETT 2020/21
Måndag 31.august kl. 17.00 (merk tida!) startar Allidrett opp med aktivitetar for
hausten. Til vanlig er vi i Aukrahallen, men fyrste gong startar vi med ein tur og
nokre aktivitetar på kyststien. Oppmøte er på turstien som ligger i Årgårdsvika
nær Rindarøya. Vi ber om påmelding for å få ei oversikt over antall born og
vaksne innen fredag 28.08.20. Meir info til alle som er påmelde ila helga.

Allidrett er eit tilbod til gutar og jenter i 1. og 2. klasse. Det inneber ein
treningsavgift og medlemsavgift på totalt 600kr per barn per år (Viktig: GIL
ynskjer ikkje at born skal stå utanfor idretten grunna økonomiske årsakar.
Dersom ein ikkje har moglegheit til å betala desse utgiftene kan ein
konfidensielt ta direkte kontakt med daglig leiar eller styreleiar for å ordne ei
betalaligsvtale).

Vi i Idrettsskolen legg vekt på varierte aktivitetar, der barna får prøve seg i ulike
idrettar. Mellom anna legg vi til rette for koordinasjons-og balanseløyper, ulike
ballidrettar, friidrett og turar.

Treninga vil vere i Aukrahallen måndagar frå kl. 17.00- 18.00.

Ta på klede som det er lett å bevege seg i, egna innesko og drikkeflaske
med vatn!

Foreldra/ein vaksen må vere tilstades og ansvarleg i hallen under heile
treninga.

Håpar og gler oss til å sjå deg i hallen!

Helsing,

Stine Løvik Huse og Kimberly Iversen

GIL ALLIDRETT 2020/21
Oppstart:
Måndag 31.august kl.17.00
Aukra Kyststi
Ha på klede etter vær og ta med
drikkeflaske m/vatn

Kontakt info:
Kimberly: #94827002
kim@iversen.tv
Stine: #98668902
stine.lovik@gmail.com