Måndag 6. september kl. 17.00 startar Allidrett opp med aktivitetar for hausten.
Allidrett er eit tilbod til gutar og jenter i 1.-3. klasse. Vi på Allidrett legg vekt på varierte aktivitetar der barna får prøve seg i ulike idrettar. Mellom anna legg vi til rette for koordinasjons- og balanseløyper, ulike ballidrettar, friidrett, klatring og turar.
Treningane er måndagar frå kl. 17.00-18.00 i Aukrahallen.
Ta på klede som det er lett å bevege seg i, egna innesko og drikkeflaske med vatn!
Forelder/ein vaksen må vere tilstade og ansvarleg under treninga i starten.
Håpar og gler oss til å sjå deg i hallen!
Helsing,
Inger Kristine, Gudrun, Torstein, May-Lill og Stine
Har du spørsmål kontakt gjerne Stine (stine.lovik@gmail.com eller telefon 98668902).
Merk at tilbodet kostar kr. 600,- i året inkl. medlemsavgift på kr. 300,-. Viktig: GIL ynskjer ikkje at barn skal stå utanfor idretten grunna økonomiske årsakar. Ta kontakt med daglig leiar for å ordne ei betalingsavtale (post@gossen-il.no eller telefon 976 15 850).