Hopp til innhold

Volleyball

Vi har pr. 2017 ingen volleyballaktivitet i vår klubb.

 

Blindheimscup 2015, høgdepunktet for volleyball-jentene!

Volleyballgruppa har i år hatt treningar kvar onsdag og søndag, der jenter frå 13 til 17 år har hatt Magny Eikrem og Lene Hagset som trenarar. Rekrutteringa har vore moderat, men treningsviljen høg hos dei frammøtte, særleg med Blindheimscup i Ålesund 17.-19.april som mål.

Cupen samlar kvart år nærare 100 volleyballspelarar, som skal spele seg gjennom nærare 3000 kampar, og Gosse-jentene spelte seg til 1/8-delsfinale i gruppa si.

Der gikk dei på eit tap mot Molde, men sat likevel igjen med ei flott oppleving og masse inspirasjon.

Aukra er framleis eit velkjent namn i volleballmiljøet og volleyball er ein idrett som gir god grunntrening for andre idrettar. Vi håper difor at fleire blir med å trenar neste år. Hjertelig velkommen!

 

Volleyballjentene
Volleyballjentene

Trener: Magny Eikrem og Lene Beate Hagset
Oppmann: Gunn E. Aarønes

 

volleyball 1

Ingenting å sei på innsatsen når Gossen IL sitt J-17-lag stilte til kamp i Borgundhallen under årets Blindheimscup. (Foto: Blindheimscup/Wim Hetland)

volleyball 2

Speleglede, gode legg og flotte smashar frå jentene frå Gossen IL! (Foto: Blindheimscup/Wim Hetland)

Legg igjen en kommentar